lørdag 19. februar 2011

Eg prøver igjen

www.dagdraum.blogspot.com

Jeg tror jeg snurrer andre veien

Sola skin, og det er helg! Humøret mitt er faktisk heilt til å leve med, så i dag skal eg få gjort mykje. 
På onsdag fekk eg ny hårfarge (som eigentleg liknar mykje på den eg hadde, men likevel er mykje betre):
Etterpå sprada eg rundt i ny strømpebukse med roser på som kosta 19 kroner på cubus, medan eg sorterte strikkepinnar og las fine bloggar:
Og i går kveld fekk eg føre meg at eg skulle sortere alt garnet vi har. Så no har eg i alle fall mykje restar eg kan øve meg på å strikke hælar med. 
No skal det etast frukost, før Mammutsalget ventar på meg på bokhandelen.

onsdag 16. februar 2011

Ro meg te Månen

Åh, Kunst. Eg snubla over denne artikkelen i dag tidleg, og måtte sjølvsagt sjekke om eg fann meir. Det gjorde eg, her
Eg vart berre heilt sjukt fascinert. Sjekk det ut!

mandag 14. februar 2011

Tenk på alt det morsomme vi sammen kunne gjort

Den siste veka har vore så trist at eg ikkje klarer å finne ord for det. 
Ein ting er at eg personleg har hatt det tungt, men langt verre er det at verda har mista ein fantastisk gledesspreiar og god kamerat. Øystein vil bli djupt sakna, det er det inga tvil om. Kvil i fred <3

Eg har gjort mykje for å halde meg oppteken, så i tillegg til jobben har eg
leika med decoupage og måling
laga oreokjeks ilag med veslesyster
bygd meg eit smykketre

vore på skattejakt på loftet og blitt vetskremd (dette er ein kjole som eg skal fikse litt på)
strikka på meg gnagsår på peikefingeren og lært meg ny strikketeknikk, og sett fem sesongar av Dexter. 

Alle dagane har vore fylde med angstkvalme i magen og mange tårer, men no framover skal eg verkeleg ta meg sjølv i nakken og finne bra ting som eg kan glede meg over. 

lørdag 29. januar 2011

What's the dealio?

Akkurat no innsåg eg faktisk at eg er dritglad for at eg ikkje føler nokon som helst slags trong til å ta ei tatovering som startar rett under trusekanten og går litt oppover over hoftebeinet. 

Eg greier heller ikkje å forstå kvifor det er så mange jenter som på eitt eller anna tidspunkt (gjerne når dei er ca 16, og altså ikkje gamle nok til å ta tatovering på eit fornuftig studio, og må velje ein snuskeplass i Bulgaria medan dei er rusa på tequila) synest at det finaste i heile verda må vere å ha eit særs uoriginalt og lite kunstnarisk motiv tatovert på ein intim stad på kroppen. 

Ikkje berre skal motivet vere dørgande keisamt, slik som til dømes ei Playboy-kanin, x antal stjerner, ein sommarfugl eller bjørnespor (kva faen skal liksom det symbolisere? "Sjå her, ein knøtliten bjørn planta labben sin rett ved sidan av fitta mi, er det ikkje søøøøøttt?"). I tillegg skal det gjerne vere knøtlite (fordi jenta ikkje har pengar, men MÅÅ ha tatovering NOO), noko som gjer at tilfeldig forbipasserande berre trur det er ein artig føflekk, og at framtidige partnerar får ein bitchslap i trynet fordi dei trudde det kanina var ein katt.

Og sånn generelt sett trur eg det er ein grunn til at det er sekstenåringane som drøymer om slike. Dersom du har lyst på eit motiv som du veit at ingen over 20 år (viss vi ser vekk ifrå diverse glamourmodellar) tatoverar på kroppen sin, så kan du banne på at du og kjem til å synast at det ser idiotisk ut når du har lete ideen surre ei stund. 

Du kan like gjerne bruke sprittusj, slik at du blir kvitt driten når du vil det. 

Dette gjeld også alle såkalla tramp stamps (altså tatoveringar i korsryggen, helst i form av tribals), puppetatoveringar og ringar rundt overarmen (tenk Pamela). Og herregud, ikkje lag solstrålar rundt navlen din!
(Bilete: Amazing4tattoo.blogspot.com)

søndag 23. januar 2011

To everyone who does not wish to die a most painful death


Sauen og eg er no i gong med Harry Potter-film nr 2 for i dag. I kombinasjon med raud vaniljete og Dots er det faktisk ganske fint på ein sundag. 


Teen er kjempegod, og berre pakka er så fin at eg sikkert hadde drukke den uansett. 

Elles i dag har eg hatt vondt i tårekanalen på ein auget heilt sidan eg sto opp. Forstår ikkje heilt kva det kan vere, og håpar berre at det ikkje er ein augebetennelse på trappene.

Heldigvis har dette vore ein dag med gode nyhende (for min del, i alle fall), som har gjeve meg tilbake trua på ting skal ordne seg. Herrleg!


lørdag 22. januar 2011

You are wrong in all the right ways

Ryddelaurdag i dag. Med det følgjer reint sengetøy, nyvaska bad og fjerning av spindelvev frå bak gardinene. 

Eg skal dessutan rydde vekk resten av julepynten (og lure på kva i helvete som no skal pynte opp i heimen), noko som medfører frustrasjon over at ingen lagar vanlege, heilt firkanta (rektangulære) kasser. Eller kanskje mest over at mamma likar å kjøpe slike som har finurlege fasongar...

Heldigvis har eg hatt kosebesøk, noko som la ein liten dempar på effektiviteten, men samtidig løfta humøret adskillige hakk! Definitivt verd det. 

Etter dei huslege syslane har eg tenkt til å late kroppen få sin del av kaka, og ansiktsmaske, ei god bok, laurdagsgodt, neglelakk og napping av augebryn ventar etter ei skikkeleg treningsøkt. 

Håpar dykk andre har ei fin helg!